Nyhetsarkiv

  • Nyttårsmorgon i Lavvoen!

    Då er vi tilbake etter ein fin juleferie, og klar til å ta fatt på 2019. Kva er då koslegare enn å starte dagen med frukost og varm kakao rundt grua i lavvoen vår? Barn og foreldre kosa seg i lag denne januarmorgonen.

     

  • Flotte haustbilde i barnehagen!

    Hausten er her, og naturen viser seg fram i flotte fargar. I samband med temaet "Sjå blada dett stille ned" har 1 og 2 åringen laga flotte haustbilde med bladtrykk og måling. Fint fellesskap og gode sanseerfaringar for dei minste.

  • Barn har rett til å ha det bra!

    Barna er det mest verdifulle vi har, og at barna trivast i sin eigen kvardag, er heilt avgjerande for at dei skal utvikle seg og vekse. I Rotset barnehage jobbar vi med å fremje respekt og toleranse for kvarandre. Saman med heimen legg vi til rette for og skape vennskap mellom barna.

  • Søknad om barnehageplass 2018/2019

    Her ligg link til søknadsskjema for barnehageplass i barnehageåret 2018/2019