Huset vårt

I vår barnehage har barna god plass å leike på, vi har ingen avdelingar så heile barnhagen er åpen for alle barna. Roma i barnehagen har ulikt innhald, og borna vel leikeaktivitet og rom utfra sine ønske.

Leserom for barn som vil kike i bøker eller bli lest for av ein vaksen.

Rolleleiksrom tilrettelagt for allsidig og variert rolleleik. Romet har også eigen hems.

Puterom for dei som treng å få ut litt energi. Her blir det ofte hopping, klatring og hyttebygging.

Formingsrom for den kreative.

Byggerom for den skapande.

Tumlerom rom for motorisk utfalding og leik med materiell som høver for dei yngste

Hovudrom med kjøkken er samlingsrom for ulike bordaktiviteter som puslespel og spel.

Familierom tilrettelagt for dei minste med ulike småbarnsleiker.