Sosial kompetanse

Sosial kompetanse handlar om å kunne samhandle positivt med andre i ulike situasjonar og å kunne vise evne til å setje seg inn i andres situasjon og vise medkjensle. Dette er ei evne ein tilegnar seg gjennom varierte erfaringar i samspel med andre menneske.

Vi ynskjer at dette arbeidet skal være ein raud tråd gjennom heile barnehageåret.

I tillegg til at vi ynskjer å la dette prege kvardagen vår og difor jobbar med situasjonar etter kvart som dei dukkar opp, vil vi og sette av fredagen til å jobbe særleg med dette temaet. Denne dagen vil vi bruke ulike metodar som drama, rollespel og samtaler i små og større grupper.