Presteholmen

Gruppa på Presteholmen er i år samansett av 14 livlege og leikande eitt- og toåringar. Vi startar opp med 11 barn på hausten, men vil iløpet av året bli 14 barn.

Det at borna er så små vil sjølvsagt setje sitt preg på arbeidet vårt. Vi set av veldig god tid til tilvenning. Det å skape tryggleik gjennom gode rutiner, omsorg og ro i kvardagen er viktig. Vi vil gå med små steg, for vi har mange små føter.

Borna er fulle av liv og utforsnkingstrong, og dei utforskar med kropp og sansar. Difor vil vi legge til rette for at dei skal få bruke heile kroppen og alle sansar i møte med omgjevnadane. På tumleromet har vi motoriske leiker og materiell som høver for dei yngste, i tillegg til god golvplass å boltre seg på. Etterkvart vil dei også få høve til å utforske resten av barnehagen. Der finn dei andre typar leiker og vert kjende med dei eldre borna, noko som skapar mange gode læringssituasjonar.

Temaarbeidet med dei yngste vil i stor grad vere leikprega og knytt til kvardagssituasjonane. Elles vil vi vere ute kvar dag, så sant veret tillet det. Naturen gjev mange fine opplevingar og varierte fysiske og sansemotoriske erfaringar.