Blåsenborg

På blåsenborg er det i år 17 flotte born i alderen 2-6 år. Det store aldersspennet gjer at modellæring er eit viktig satsingsområde, og ei viktig kjelde for gode læringssituasjonar for store og små i kvardagen. Det er mykje læring i å lære av kvarandre, og dette legg vi mykje opp til på blåsenborg. Alle skal bli sett og høyrt!

Humor og latter står sentralt for den livlige gjengen på blåsenborg, og kvar dag skal vi ha ein god porsjon av det. Det er viktig for trivsel og tryggleik at vi kan le saman og glede oss over ting i lag, samtidig som vi kan utfordre kvarandre og utvikle den sosiale kompetansen ved å bryne oss på kvarandre.

Dei mange meiningane og dei ulike personlegdomane gir eit mangfald, og samspelet melom born og vaksne skal gjere at vi lærer saman og gir kvarandre meiningsfylte dagar på blåsenborg.