Tradisjonar i Rotset barnehage

17. MAI

17. mai feirer vi i glede over at Norge har si eigen grunnlov og er eit fritt og sjølvstendig land. Vi ønskjer at borna skal få eit lite innblikk i kvifor vi feirar 17. mai, gjennom forteljingar, songar og aktivitetar. Vi vil sjå nærmare på flagget vårt, og øve oss på å gå i 17. mai-tog.

BEREDSKAP

Fokuset er å gje barna grunnleggande kjennskap til kva politi, brann- og helsevesen kan hjelpe oss med og korleis dei kan kontaktast.

ForutFORUT

Ein fast tradisjon i Rotset barnehage er å ta del i Forut-aksjonen. Dette er eit solidaritetsprosjekt der ein får muligheit til å vise engasjement og solidaritet med born frå andre land som lever under andre kår enn oss sjølve. På slutten av perioden har vi ein innsamlingsaksjon i barnehagen i form av ein foreldre-kafé.

NISSEFEST

I desember har vi fokus på både den kristne og den kulturelle delen av juletradisjonane våre. Noko som er viktig i høve til det siste er nissen, som er den gode hjelparen i fylgje norsk tradisjon. På slutten av adventstida i barnehagen har vi nissefest. Då kan alle kle seg ut som nissar og så syng og fortel vi om nissen, har nissedans og nissegraut. Vi brukar også å få besøk... av kven då trur du...? Det brukar å vanke ei lita overrasking til alle.

SOLFEST

Vinteren på Rotset kan vere kald og mørk. Ei stund midt på vinteren er sola heilt borte, men i byrjinga av februar kan vi igjen nyte det gode lyst og kjenne varmen frå solstrålane.
Då vil vi ha FEST!
Vi lagar “solpynt” i barnehagen, og dei som vil pyntar seg med ansiktsmåling. Korleis vi elles legg opp dagen er avhengig av ver og føre, men kjekt skal vi ha det. Det er verdt å feire at våren snart er på veg!

SAMISK VEKE

I samband med samefolkets dag den 6. februar set vi av ei veke til å jobbe med samisk språk kultur og tradisjon. 

PÅSKELUNSJ

Påska er ei viktig høgtid i den norske kulturen, og noko vi har stort fokus på i vår barnehage. Som ei avslutning på dette temaet, ein av dei siste dagane før påskeferien, har vi felles påskelunsj for alle basane. Då opnar vi opp dørene, pyntar fint på borda med lys, serviettar og kanskje nokre små vårteikn utanfrå (t.d. gåseungar, snøklokker eller krokus), har noko ekstra godt pålegg, sjølvlaga rundstykke og nybaka brød. Og egg høyrer sjølvsagt med, både ekte hønseegg og nokre litt meir kunstige som er fylt med andre ting…og vi kosar oss veldig!