"Vi lærer saman i ein meiningsfull kvardag"

Visjonen er vår identitet og leiestjerne. Mennesket, både store og små, er like verdifulle og barn og vaksne lærer av kvarandre. Visjonen ligg til grunn og legg føringar for korleis vi arbeider i Rotset barnehage.

Dei vaksne i Rotset barnehage ønskjer å legge til rette for at barna skal oppleve ein trygg og lærerik kvardag gjennom leik. Barn og vaksne skal lære gjennom eiga nysgjerrigheit og trongen til å utforske i eit positivt sosialt samspel. Det pedagogiske arbeidet er bygd på dei kristne grunnverdiane, og er formidla både i ”her og no” situasjonar og gjennon tilrettelagde aktivitetar. Vi ynskjer å sjå det einskilde barn og gi barnet kjensla av å vere i eit fellesskap. Vidare ønskjer vi å gi barna opplevingar av meistring, og deira erfaringar skal vere prega av glede og humor.