Barnehagen sine vedtekter

VEDTEKTER FOR

 

Samvirkeføretaket ROTSET BARNEHAGE SA

org. Nr. 971 501 065

 

§ 1. FØRETAKSNAMN OG EIGARFORHOLD

Barnehagen er eit samvirkeføretak med namnet Rotset barnehage SA. Rotset barnehage SA har driftsbygning og kontor i Volda kommune. 

§ 2. FØREMÅL Føretaket har som føremål å eige og drive barnehage i Volda til beste for medlemmane og borna deira. Føretaket skal fremje medlemmane sine økonomiske interesser, gjennom deira deltaking i verksemda som kjøparar av barnehagetenester frå føretaket. Føremålet er ikkje kapitalavkasting til medlemmene. Eventuelt årsoverskot skal godskrivast eigenkapitalen i føretaket.

 

Rotset barnehage SA skal gje borna gode utviklingsmoglegheiter i nær forståing med heimane til borna. Barnehagen driv med eit utvida kristent føremål for verksemda, der dei kristne grunnverdiane og andre sentrale kulturverdiar står sentralt. Ved å drive utifrå ein utvida kristen føremålsparagraf vil det pedagogiske arbeidet bli sett i lys av barnet sitt religiøse og moralske utviklingstrinn i ei heilskapleg pedagogisk ramme.

 

Føretaket skal drivast i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande lover og føreskrifter for barnehageverksemd.

 

§ 3 MEDLEMSKAP

Føretaket er ope for foreldre/føresette som får tilbod om barnehageplass i barnehagen. Når foreldre/føresette har takka ja til tilbod om barnehageplass, blir dei blir dei medlem av føretaket.

 

Dersom medlemmen mislegheld sine forpliktingar overfor føretaket, kan styret gi medlemmen ei irettesetting eller, i alvorlege tilfelle, ekskludere medlemmen.

 

Medlemskapen kan etter avtale med dagleg leiar overdragast mellom føresette som har felles barn.

Medlemmane skal ikkje betale medlemskontingent eller andelsinnskot. Føretaket er eit eige rettssubjekt med avgrensa ansvar for gjeld. Den einskilde medlemmen har ikkje ansvar for føretaket sine økonomiske forpliktingar.

 

Føretaket kan bruke elektronisk kommunikasjon når det skal gi meldingar, varsel, informasjon, dokument og liknande etter samvirkelova til medlemmane. Dette dersom medlemmen tydeleg har godteke det, og det ikkje strir med lov om samvirkeføretak.

 

Når eit medlem skal gi meldingar eller liknande etter lov om samvirkeføretak, kan medlemmen gjere dette ved hjelp av elektronisk kommunikasjon. Dette til den e-post adressa eller på den måten dagleg leiar eller styret har fastsett til føremålet.

 

 

§ 4 UTMELDING

Ein medlem pliktar å melde seg ut av føretaket samstundes som barnehageplassen vert oppsagt, med mindre noko anna er avtalt med styret. Utmeldinga skal skje skriftleg.

Utmeldingsfristen er like lang som oppseiingstida på barnehageplassen, men maksimalt tre månader, rekna frå den dagen den skriftlege utmeldinga kom fram til føretaket.

 

Har medlemmer fleire barnehageplassar pliktar medlemmen å melde seg ut av føretaket samstundes som siste barnehageplass vert oppsagt. Utmeldinga skal skje skriftleg.

 

§ 5 STYRET

§ 5.1 Oppgåvene til styret:

Føretaket vert leia av styret, som høgaste myndigheit mellom årsmøta. Styret er arbeidsgjevar og har dermed arbeidsgjevaransvaret for barnehagen. Styret har ansvaret for drifta av barnehagen i samsvar med dei gjeldande lover, vedtekter og årsmøtevedtak. Barnehagens daglege leiar er arbeidsgjevar sin representant i barnehagen.

 

Styret sine arbeidsoppgåver:

  • Styret skal sørgje for at føretaket sine føremål blir realisert.
  • Styret har ansvar for barnehagen sin økonomi og bemanning.
  • Styret har ansvar for å fastsetje budsjettet og å orientere om budsjettet på årsmøtet.
  • Styret skal halde seg orientert om føretakets økonomiske situasjon, og skal sjå til at det blir ført fullgod kontroll med verksemda, rekneskapen og formueforvaltninga. Styret har ansvar for ein ansvarleg rekneskapsførsel, og at rekneskapen saman med berettinga frå styret, skal leggast fram for årsmøtet. Styret vel rekneskapsførar.
  • Styret skal fastsette storleiken på foreldrebetalinga og matpengar, gebyr for manglande henting av barn, og gebyr for manglande dugnad.
  • Styret tilset dagleg leiar. Styret skal føre tilsyn med dagleg leiar og verksemda i føretaket elles. Styret bør fastsette instruks for dagleg leiar.
  • Føretaket er forplikta utad av styret, ved underskrift av styrets leiar og dagleg leiar i fellesskap.
  • Styret avgjer eventuell eksklusjon av medlemmar.
  • Styret skal leie og føre tilsyn med at barnehagen vert driven i samsvar med gjeldande lover, føreskrifter og vedtekter.
  • Styremøte blir halde etter innkalling frå styreleiar, eller dersom minst halvparten av styret krev det.
  • Dersom lova ikkje seier noko anna kan styret ta alle avgjersler.
  • Styret skal syte for ei forsvarleg organisering av verksemda.   
  • Styret skal sette i verk dei undersøkingane som styret meiner er naudsynte for å kunne utføre oppgåvene sine. Styret skal sette i verk slike undersøkingar dersom ein eller fleire av styremedlemmane krev det.
  • Styret skal utarbeide ein styreinstruks.

 

§ 5.2 Styret si samansetjing;

Styret skal bestå av ein styreleiar og minst 4 andre medlemmar. 3 av medlemmane i styret er frå foreldra og 2 frå dei tilsette. I tillegg skal det veljast 2 varamedlemmar, ein frå dei tilsette og ein frå foreldra. Foreldrerepresentantane vert valt på årsmøte. Dei tilsette sine representantar er valt blant dei tilsette. Det er viktig å sikre kontinuitet ved at ikkje for mange styremedlemmar skiftast i løpet av kort tid. Styremedlemmane vert valt for 2 år om gongen, foreldra sin vararepresentant vert valt kvart år. Styreleiar, styremedlemmar og varamedlemmar kan attveljast.

 

Årsmøtet vel styreleiar ved særskilt val. Styret konstituerer seg på 1. styremøte om hausten, og vel nestleiar blant sine medlemmar. Sitjande styre sit til 31. juli og nytt styre tek over 1. august kvart år. Gammalt og nytt styre har eit felles overgangsmøte før sommarferien, for å sikre kontinuitet i styrearbeidet.

 

 

§ 5.3 Styret si arbeidsform

Styreleiar skal sørgje for handsaming av aktuelle saker som høyrer inn under styret. Styremedlemmane og dagleg leiar kan krevje at styret handsamar bestemte saker. Styremøte og annan styrehandsaming skal varslast på hensiktsmessig måte og med nødvendig frist.

 

Styrehandsaminga vert leia av styreleiar. Deltek verken styreleiar eller nestleiar, vel styret ein leiar for styrehandsaminga. Dagleg leiar har rett til å uttale seg, om ikkje noko anna er bestemt av styret i den enkelte saka.

 

Ei avgjersle av styret krev at fleirtalet av dei styremedlemmane som deltek i handsaminga av ei sak, har stemt for. Ved stemmelikskap gjeld det som styreleiar har stemt for. Er ikkje styreleiar tilstades, gjeld styreleiars fullmakt eller det som møteleiar har stemt for. Dei som stemmer for eit vedtak som inneber ei endring, må likevel utgjere minst ein tredjedel av alle styremedlemmane.

 

Styret kan vedta saker når meir enn halvparten av alle styremedlemmane er til stades eller er med på sakshandsaminga. Styret kan likevel ikkje vedta saker utan at alle styremedlemmane så langt det er mogleg har fått høve til å delta i handsaminga av styresaka. Har ein av styremedlemmane meldt forfall, skal ein varamedlem kallast inn. 

 

Det skal førast protokoll over styrehandsaminga. Protokollen skal minst angi tid og stad, deltakarane, handsamingsmåten og styret sine avgjersler. Styremedlem som ikkje er einig i styret si avgjersle, kan krevje si meining innført i protokollen. Protokollen skal underskrivast av alle dei medlemmane som har delteke i styrehandsaminga. Protokollen er tilgjengeleg berre for styremedlemmar, dagleg leiar og dei personane styret gir tilgang.

 

Ved val og tilsetjingar er den som får flest stemmer vald eller tilsett. Styret kan på førehand fastsetje at det skal stemmast på nytt dersom ingen får fleirtal av dei stemmene som er gitt. Står stemmetalet likt ved val av styreleiar eller møteleiar, blir valet avgjort ved loddtrekning. I andre tilfelle der stemmene står likt, gjeld det som møteleiaren har stemt for. 

 

 

§ 5.4 Dagleg leiar  

Barnehagen sin daglege leiar vert tilsett av styret. Dagleg leiar er barnehagens daglege administrative og pedagogiske leiar. Dagleg leiar har ansvar for at barnehagen har eit internkontrollsystem som er i samsvar med gjeldande lover og føreskrifter.

 

Dagleg leiar skal følgje dei retningslinjer og pålegg styret har gitt. Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som etter føretakets forhold er av vesentleg eller uvanleg art. Dagleg leiar kan elles avgjere ei sak etter fullmakt frå styret i kvart einskild tilfelle, eller når det er til vesentleg ulempe for føretaket å vente på styrevedtak. Dagleg leiar informerer styret om dette så snart som mogleg.

Dagleg leiar skal syte for at føretakets rekneskap er i samsvar med lov og føreskrifter, og at formueforvaltninga er ordna på ein ansvarsfull måte.

 

Styret kan til ei kvar tid krevje at dagleg leiar gir styret nærare informasjon om bestemte saker. Slik informasjon kan også krevjast av det enkelte styremedlem. Dagleg leiar skal gi slik informasjon som eit styremedlem ber om til samtlege av styrets medlemmar.

 

 

§ 6. BARNEHAGEN SINE STYRINGSORGAN

§ 6.1 Årsmøte

Årsmøte er føretaket sitt øvste organ. Årsmøte skal haldast innan utgangen av april månad kvart år. Styret kallar skriftleg inn til årsmøte 3 veker i førekant. I innkallinga skal det stå sakliste, tid og stad for møtet, samt forslag om vedtektsendringar.

 

Forslag til saker frå medlemmane må vere sendt styret seinast 2 veker før årsmøtet. Endeleg dagsorden skal sendast til medlemmane minst 1 veke før årsmøtet. På årsmøte kan ein ikkje behandle saker som ikkje er oppført på dagsorden.

 

Årsmøte vert leia av styreleiaren, eller nestleiar dersom styreleiar ikkje kan møte.

Alle medlemmane har møterett til årsmøte. Medlemmane kan vere representert ved fullmakt.

På årsmøte skal det førast protokoll.

 

 

§ 6.2. Saker som skal handsamast på årsmøte

 

Styret føretek innkalling og fastset saklista som mellom anna skal innehalde:

 

  1. Val av møteleiar, referent og to personar til å underskrive protokollen.
  2. Styrets årsmelding.
  3. Godkjenning av rekneskap og orientering om budsjett.
  4. Val av styremedlemmar. Val av styreleiar.
  5. Eventuelle forslag til vedtektsendringar.
  6. Eventuelt forslag om oppløysing.
  7. Andre saker som er korrekt meldt inn for handsaming.

 

Protokollen skal innehalde liste over møtande medlemmar, på møtet.

 

 

§ 6.3. Avstemmingsreglar på årsmøte

Kvart medlem har ei stemme på årsmøte.

 

Ei avgjersle av årsmøte krev at fleirtalet av dei som deltek i handsaminga av ei sak, har stemt for. Ved stemmelikskap gjeld det som styreleiar har stemt for. Blanke stemmer skal sjåast på som ikkje gjevne. Vedtak om vedtektsendring krev 2/3 fleirtal av dei gjevne stemmene.

 

Det vert ikkje stilt krav til kor mange med stemmerett som må vere til stades for at årsmøte skal vere besluttningsdyktig. Fullmaktstemmer kan verte gjevne, dersom fullmektigen legg fram skriftleg og datert fullmakt. Ingen kan vere fullmektig for meir enn ein medlem.

 

§ 6.4. Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte skal haldast når enten styreleiar, revisor, eller minst halvparten av styret krev det. Det same gjeld dersom minst ein tredjedel av medlemmane krev det og samstundes oppgir kva saker dei ønskjer å ta opp.

Det vert innkalla med 1 vekes varsel. Sakspapira skal skildre sakene og gjengi forslag til vedtak. Det skal også informerast om kven som har kravd møtet helde.

 

§ 7 VEDTEKTSENDRING

Vedtak om vedtektsendring krev 2/3 fleirtal av dei gjevne stemmene, med mindre samvirkelova stiller strengare krav.

 

 

§ 8 OPPLØYSING OG AVVIKLING

Oppløysing av føretaket kan berre handsamast av årsmøte. Blir oppløysing vedtatt med 2/3 fleirtal av dei frammøtte, vert det innkalla til ekstraordinært årsmøte 1 månad seinare. For at oppløysinga skal skje må vedtaket her gjentakast med 2/3 fleirtal av samtlege medlemmar.

 

Ved oppløysing skal føretaket si formue etter gjeldsavlegging tilfalle eit ideelt føremål vedteke av siste halde årsmøte.

 

 

§ 9 FORHOLDET TIL LOV OM SAMVIRKEFØRETAK (Samvirkelova)

Dersom ikkje noko anna går fram av vedtektene gjeld lov om samvirkeføretak (samvirkeloven) av 29. juni 2007 nr. 81 i punkt 16.

 

 

§ 10 SAMARBEIDSUTVALET SI SAMANSETJING OG MYNDE

Samarbeidsutvalet består av dei same representantane som sit i styret. Det vert halde felles møte for desse to organa, og det vert kalla styremøte. Til dagleg skil vi ikkje mellom samarbeidsutvalet og styret. Medlemmane i samarbeidsutvalet er 3 representantar for foreldre, derav 1 eigarrepresentant, og 2 frå dei tilsette. Foreldra og dei tilsette skal delta med like mange representantar. Utvalet skal være eit rådgjevande, kontaktskapande og samordordna organ. Samarbeidsutvalet skal særlig være med på å drøfte barnehagens ideelle grunnlag og arbeide for å fremme kontakt mellom barnehagen og lokalsamfunnet.

 

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i saker som er viktige for barnehagen sitt innhald, verksemd og forholdet til foreldra. Utvalet skal fastsette årsplan, utarbeide instruks for dugnads- og trivselsgruppa. Utvalet skal rette seg etter retningslinjer i barnehagelova.

 

§ 11 FORELDRERÅD

Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper et godt barnehagemiljø.

  1. Foreldrerådet består av foreldra/føresette til alle barna i barnehagen.
  2. Foreldrerådet skal bli førelagt og har rett til å uttale seg i saker av viktigheit for foreldras forhold til barnehagen.
  3. Dagleg leiar har ansvaret for å kalle inn til det første foreldrerådet i barnehageåret.
  4. Foreldreråd haldast minst ein gang i året – gjerne i forbindelse med årsmøte.
  5. Ved avstemming i foreldrerådet vert det gjeve ei stemme for kvart barn, og alminnelig fleirtalsvedtak gjeld.

Det førast eigen protokoll for foreldrerådet, som skal innehalde dei vedtak som foreldrerådet har fatta. Tid og sted for møta skal gå fram av protokollen, likså stemmefordeling og ueinigheit som krevjast protokollført. Foreldrerådets referent signerer protokollen. Protokollen er tilgjengelig berre for foreldrerådets medlemmar, styret, dagleg leiar, og dei personane som får tilgang frå foreldrerådet.

 

§ 12 GODTGJERING AV STYREMEDLEMMAR

Styret vert godtgjort etter desse satsane. Leiar kr.3000 og styremedlemmar kr.1000. Godtgjeringa vert utbetalt innan juni kvart år. Vararepresentantar vert godtgjorde etter denne formelen kr1000/antal møter i året x tal møter representanten har møtt på. Ved større prosjekt eller særskild krevjande oppgåver, der styret pålegg medlemmar større oppgåver utover ordinære styreoppgåver, kan styremedlemmar søkje styret om godtgjersle for dette ekstraarbeidet. Det må leggast fram dokumentasjon på antal timar, og kva desse er brukte til.

 

 

§ 13 OPPTAK AV BORN

Søknad sendast til barnehagen på fastsatt skjema. Ved opptak skal det settast opp prioritert venteliste. Barnehagen sin dagleg leiar innstiller i samsvar med opptakskriteriene på opptak av born til barnehagen. Styret kan delegere opptaksmyndigheit til dagleg leiar.

 

Prioritering av opptak:

  1. I samsvar med barnehagloven § 13 har born med nedsatt funksjonsevne og born som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntjenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd, rett til prioritet ved opptak i barnehage.
  2. Søsken av born som er i barnehagen på søknadstidspunktet, eller barn av tilsette. Desse to gruppene er jamstilte. Barna vert prioritert etter høgst alder.
  3. Barn og søsken som har vore i barnehagen for inntil tre år sidan.
  4. Born som etter styretsskjønn passar inn i barnegruppa med hensyn til alder, kjønn og fast bustadsadresse.

 

Ved opptak vil born som det er søkt heil plass for prioriterast, dersom det totale antall born i barnehagen ser ut til å bli høgt pga. mange born på delt plass.

 

Barnehagen er open for born 0-6 år. Born som er tildelt fast plass, får behalde plassen til utgangen av barnehageåret det året barnet fyller 6 år.

 

§ 14 OPPTAKSPERIODE OG OPPSEIINGSFRIST

Opptak av barn skjer heile året, men hovudsakleg ved samordna opptaksprosess. Dagleg leiar kan tilby barnehageplass etter kapasitet utanom samordna opptaksprosess. Avgjersla om opptak av barn i barnehagen og tildeling av ledige plassar blir behandla av barnehagen etter skriftlig søknad jmf.. Barnehagelova si bestemming om samordna opptaksprosess.

 

Oppseiingstid på barnehageplassen er 2 månader gjeldande frå 1. i påfylgjande månad. Oppseiing frå barnehagen si side krevjast saklig grunn og skal skje skriftleg. 

 

Oppseiing frå føresette mottatt av barnehagen etter 1. april medfører ein plikt til å betale foreldrebetaling ut juni månad.

 

§ 15KLAGEADGANG VED AVSLAG PÅ SØKNAD OM BARNEHAGEPLASS VED  HOVUDOPPTAK

Ved hovudopptak kan søkjar klage over avslag på søknad om barnehageplass og på avslag om å få sitt fyrste eller andre ønske oppfylt.

 

Utanom hovudopptaket kan berre søkjarar til barnehagen med lovfestet rett til prioritet etter barnehageloven § 13, klage dersom de ikkje får tilbod om plass. Dette gjelder barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter nærare bestemming i lov om barneverntjenester. 

Klagen må skje skriftleg for kommunen og må nemne kva avgjersle det klagast over og dei grunnar klaga støtter seg til. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt avgjersla som det skal klagast over er kome fram til søkjaren. For den som ikkje har moteke underretning, går fristen frå det tidspunkt vedkommande har fått eller burde ha skaffa seg kunnskap om avgjersla.

 

Reglane for klageadgang finst i Forskrift om saksbehandlingsreglane ved opptak i barnehage, (forskrift 2005-12-16 nr. 1477)

 

§ 16FORELDREBETALING

Foreldrebetalinga følgjer Stortingets vedtak om makspris. Ved endring skal barnehagen varsle føresette 2 månader før endring trer i kraft. Foreldrebetalinga skjer pr. born pr. månad, og betalast ved ”faste oppdrag” eller girobetaling innan den 15. i den månaden betalinga gjeld for.

 

Betalinga krevjast inn over 11 månader, dvs. f.o.m. august månad t.o.m. juni månad i det etterfølgjande året. Ved misleghald av betaling, kan styret avgjere om å berekne morarenter f.o.m. forfallsdato etter den til ein kvar tid gjeldande morarentelov.

 

Ved for sein henting ileggast den føresette eit gebyr på kr. 150,- pr. 15 minutt pr. barn

 

 

§ 17 VEDLIKEHALD / DUGNAD

Styret vedtek ein plan for dugnad for alminneleg oppussing og vedlikehald ute og inne. Barnehagen vaskast ned ein gong i året på dugnad.

 

Dugnadsansvaret er knytta til den enkelte plass i barnehagen. Føresette som nyttar barnehageplass pliktar å delta minimum 5 timar på dugnad som blir arrangert av barnehagen pr. barnehageår.

 

Styrearbeid er omfatta av dugnadsarbeid.

 

Dersom pliktig dugnad ikkje gjennomførast skal det svarast ein ekstra foreldrebetaling fastsett av styret som for tida utgjer kr. 200,- pr. misleghalde dugnadstime.

 

 

§ 18 LEIKE OG OPPHALDSAREAL

Barnehagen si norm for arealutnytting er 4m2 leike- og opphaldsareal pr. born over 3 år, og 5,5 m2 for born under 3 år.

 

 

 

§ 19 OPNINGSTID OG FERIE

Barnehagen er open frå kl.07.15- 16.45 måndag til fredag.

 

Barnehagen har stengt julafta (24.desember) og nyttårsafta (31.desember) dersom desse fell på ein kvardag. Onsdag før skjærtorsdag stengjer barnehagen kl.12.00. I løpet av året er barnehagen stengt 5 kurs- og planleggingsdagar. Barnehagen er stengt på heilagdagar.

 

Barnehageåret startar i veke 32. Alle born i barnehagen skal ha 4 vekers ferie i løpet av barnehageåret. Derav skal 3 veker leggjast samanhengande til sommarferien.

 

Viser det seg at det er 4 eller færre barn som sagt i frå at dei skal vere i barnehagen i sommarferien, påskeveka eller dagane mellom jul og nyttår, stenger barnehagen dei dagane. Dette fordi det gjev eit utilstrekkeleg tilbod til dei borna som kjem i barnehagen, og at det er kostbart med to tilsette på jobb. Dagleg leiar skal gi beskjed om dette til familiane det gjeld etter desse fristane:

For romjula: Seinast 5. desember.

For påskeferien: Seinast tre veker før palmesøndag.

For sommarferien: To veker etter fristen til foreldra for å levere inn ferieskjema, og seinast 5. mai.

 

 

§ 20 HMS

Barnehagen skal foreta internkontroll etter gjeldande reglar og føreskrifter.

 

 

§ 21 ANDRE OPPLYSNINGAR AV BETYDNING  (jmf. Barnehageloven § 7)        

Jmf. barnehageloven § 7 skal barnehagevedtektene gi opplysningar som er av betydning for foreldra/dei føresette sitt forhold til barnehagen. Det visast i den samanhang til avtale om disponering av barnehageplass som signerast som aksept av tilbod om barnehageplass. I avtalen er rettar og forpliktingar i avtaleforholdet detaljert regulert.

 

 

Revidert 27.04.16