Nasjonal markering for likebehandling av barn og barnehagar

På torsdag 19.11.20 deltok vi i ei nasjonal markering for likebehandling av barn i alle barnehagar. Ei markering som var initiert av PBL (Private barnehagers landsforbund). Bakgrunnen var markering mot kutt i finansieringa til private barnehagar. I rufsete haustver blei foreldra møtte med kaffi, twist, bålkos og informasjonsmateriell då dei leverte barna sine i barnehagen. Ei positiv morgonstund- med ein alvorleg bodskap.

Dei private barnehagane protesterer mot:

  • Den systematiske forskjellsbehandlinga av private barnehagar og barna i barnehagane.
  • Regjeringa sitt forslag om å kutte fleire hundre millionar kroner i tilskudd til private barnehagar.