I dag 12.02.21 arrangerte vi solfest i Rotset barnehage. Vi har opplevd at det har vore kalde vinterdagar, så kva passar då betre enn å feire at vi kjenner varmen frå sola igjen.
Barna har denne veka arbeidd aktivt med å lage soler og lært sangar om sola, så dei var godt førebudd til solfest som gjekk av stabelen i dag.
Dagen blei feira med mykje aking i bakken, opphenging av sjølvlaga soler ute, ansiktsmaling og servering av pølse i brød/ lompe. Dessert blei sjølvsagt gul gele med vaniliesaus. Ein kjekk dag der vi ynskja sola velkomen.
Ferdig sol :-) Aking så snøen fyk :-)
Litt gul ansiktsmaling må til på solfesten :-)
Gul sitrongele har solfarge i seg.