Foreldresamarbeid

Vi i personalet ynskjer å ha eit godt og tillitsfullt samarbeid med foreldra. Vi ynskjer at foreldra skal bli godt kjent og få tillit til oss her i barnehagen, og at personalet heile tida handlar ut frå kva som er til det beste for barnet. Den viktigaste kontakten er den daglege kontakten vi får ved henting og bringing, her utvekslar vi informasjon om barnet sin kvardag heime og i barnehagen.

Foreldra hovudansvaret for oppseding og omsorg. Barnehagen skal drivast i nær forståing og samarbeid med barna sin heim. Samarbeidet utøvast gjennom dagleg kontakt, foreldresamtalar, foreldremøter, møte i styre og samarbeidsutvalet og på dugnader.

Foreldremøte
Dette møtet er for alle foreldre og blir heldt på hausten ved oppstart av nytt barnehageår. Her blir det pedagogiske arbeidet presentert og diskutert. Vi utarbeidar målsetting for barnehagen og diskuterer aktuelle tema. Det blir og gitt informasjon til nye og moglegheit til å ta opp spørsmål som foreldra måtte ha.
Eit foreldremøte kan og bestå av foredrag for alle foreldre, der vi får inn ein foredragshaldar utanfrå barnehagen. Det kan vere retta mot ulike tema som foreldra ønskjer å få meir kunnskap om. Eit slikt møte kan haldast på våren, eller når det blir ytra eit behov om det.

Foreldresamtalar 2 gongar i året
Dette er ein individuell samtale kring barnet sin trivsel og utvikling. Om det kjem ønskje og behov frå personalet eller foreldra kan det haldast fleire samtalar i året.

Andre arrangement og festar
Dette kan vere uformelle samankomstar som for eksempel foreldrekaffiar, der barn og personale inviterar foreldre og søsken til ei koseleg stund i lag. Eit uformelt besøk, der barna får vise fram barnehagen og kvardagen sin for familien. Trivselsgruppa som består av eit utval foreldre, inviterar til jul og sommarfest i samarbeid med barnehagen.

Dugnad
Det blir forventa at foreldra stiller opp på dugnader i barnehagen. Sidan barnehagen er eigd og drevet av foreldra, ligg det eit stort ansvar på dykk når det gjeld vedlikehald og opprusting av barnehagen. (jmf. vedtektene for barnehagen)