Ein barnehage med barna i sentrum
Rotset barnehage er bygd med tanke på å skape og legge til rette for eit spanande og utviklande leikemiljø for barna. Eit miljø som gir glede og tryggleik, læring, vennskap og fysisk aktivitet.
Rotset barnehage har ein tradisjon med at ein fredag i desember arrangerer vi ei morgonstund i lavvoen, og sånn blei det. I dag fredag 1 desember blei barn og foreldre møtt med ein sti av lys, som synte veg fram til lavvoen der bål, julemusikk og servering av kakao og peparkaker møtte dei.
01.12.2023 17.03Rotset barnehage er samarbeidspartner med Høgskulen i Volda, og er øvingsbarnehage for studentar. Denne veka har ein av studentane hatt praksis hjå oss med tema; Barn,Natur og Friluftsliv. Då høyrer det med å lage laksewok med grønsaker og nudler i lavvoen si bålpanne, og slik blei det..
16.11.2023 14.09Hausten er tid for å hauste potet, bær og frukt frå eigen hage, samt vilt frå skogen. Vi i Rotset barnehage nyttar hausten til å lære barna å smake nye smakar, samt at dei får får eit innblikk i matkultur-tradisjon vi har her på vestlandet.
29.09.2023 15.41Då er vi igang igjen etter sommarferien! Vi ønskjer små og store velkomne til nytt barnehageår! Så kjekt å sjå kvarandre igjen, og vi gler oss over å få nye venner i barnehagen. Vi ser fram til å skape gode og meiningsfulle dagar her hjå oss.
04.08.2023 14.08Vi treng alltid flinke vikarar som kan stille opp ved fråvær. Er du engasjert, positiv, omsorgsfull og glad i å arbeide med barn, kan det vere deg vi leitar etter!