Ny i barnehagen

Dei første dagane i ny barnehage er ei spannande tid for barn og foreldre. Vi skal gjere vårt beste for at de skal få ein god oppstart i barnehagen vår.

BARNEHAGESTART OG TILVENNING

 

1. Besøk i barnehagen:       

Barnehagen tek kontakt med dykk og inviterer til besøksdagar før oppstart. De er velkomne til å besøke barnehagen, basen og bli kjent med inne- og uteromet vårt. Foreldre og barn saman. 

 2. Oppstartssamtale:

Foreldre vil bli invitert til ein oppstartssamtale i forkant av tilvenninga, slik at barnehagen og foreldre får dele viktig informasjon med kvarandre. De får omvisning i heile barnehagen, og vi snakkar oss igjennom ulike erklæringar og skjema før oppstart. Foreldre får med seg eit "barnehagehus" med bilder av barnehagen og dei tilsette,  slik at de kan sjå og snakke med barnet om i forkant av oppstart. Vi avtalar også dato for oppstart i barnehagen på oppstartssamtalen.

3. Foreldreaktiv tilvenning:

Sett av minimum 5 dagar tilvenning til dei aller minste (0-2).

Vi ønskjer at de er med barnet og deltek aktivt i barnehagen sine aktiviteter. Den forelderen som er med på tilvenninga er ansvarleg for å delta med barnet i aktivitetar, måltid, bleieskift, legging i vogn, samlingar og leik. Hugs å sette av eventuelle feriedager for å gi barnet ditt best mogleg tilvenning i barnehagen.

Eldre barn treng sannsynlegvis mindre tilvenningstid. God dialog mellom personal og foreldre er viktig for å tilpasse tilvenninga til det enkelte barn. 

4. Levering i barnehagen:

I starten er det viktig at de avtaler levering med kontaktpersonen. Sørg for å ha nok tid til levering. Den som tek imot barnet, har fokus på barnet. Den tilsette gir barnet moglegheit til å forlate foreldra når det er klart. På den måten opplever barnet at dei sjølv er aktive i leveringea. Når barnet er klart er det viktig at ikkje foreldra brukar meir tid, men seier hade og går.

Det kan ofte vere sårt og rart og overlate barnet sitt til nokon andre store delar av dagen, og det kan vere tøft å forlate eit barn som gret og vil til mamma og pappa. Det har vi i barnehagen stor forståing for. Om barnet er uroleg ved levering sender vi melding/ringer til dykk etter ei stund og orineterer om korleis det går. Det kan lette litt å vite at barnet ikkje gret, har kome seg inn i leik eller rett og slett synes det er kjempegøy å utforske noko ukjent. Foreldre kan også sende melding/ringe i etterkant om de har ytterlegare info eller lurer på noko.

5. Korte dagar:

Vi tilrår at småbarn har korte dagar den første tida i barnehagen. Det kan vere krevjande for mange småbarn å vere ein lang dag i barnehagen med mange nye vaksne og barn.

6. Tryggleik og tillit:

Sjølv om foreldra er ferdig med sine dagar hjå oss varer tilvenninga mykje lengre i barnehagen. Det er no vi verkeleg blir kjent med barna. Vi har fullt fokus på å trygge barna og skape forutsigbare rutiner og meingsfulle dagar.

Vi ringer dykk om vi vurderer det som barnets beste!