Ein barnehage med barna i sentrum
Rotset barnehage er bygd med tanke på å skape og legge til rette for eit spanande og utviklande leikemiljø for barna. Eit miljø som gir glede og tryggleik, læring, vennskap og fysisk aktivitet.
Utan språk er det vanskeleg å gjere seg forstått. Om ein ikkje klarer å setje ord på ynskje, behov og kjensler, kan ein fort verte misoppfatta og ståande utanfor fellesskap med andre. Difor jobbar vi i vår barnehage systematisk med språkmiljøet, og heile personalet er med.
12.03.2025 13.47Å gå på ski er ein artig og leikbasert aktivitet for både små og store. I januar opplevde vi at snøen kom og låg på marka i ei veke. Moglegheita til å leite fram skia og gå på ski kvar dag lot ikkje vi i Rotset barnehage gå ifrå oss.
25.02.2025 19.44Rotset barnehage har ein tradisjon at ein i løpet av desember har ei morgonstund i lavvoen. I dag tysdag 3 desember blei det som i fjor. Barn og foreldre blei møtt av ein sti av lys som synte veg til lavvoen der bål, julemusikk og servering av mat og drikke møtte dei.
04.12.2024 09.14Når dagane blir kortare og lufta blir skarpare, kjem hausten med ein unik sjarm som vi omfamnar fullt ut i Rotset barnehage. Sjølv om årstida kan kjennast litt trist med sine fallande blad og kjøligare temperaturar, ser vi det som ei fantastisk moglegheit for læring og kreativitet.
14.11.2024 08.56Vi treng alltid flinke vikarar som kan stille opp ved fråvær. Er du engasjert, positiv, omsorgsfull og glad i å arbeide med barn, kan det vere deg vi leitar etter!