Språket – heilt grunnleggande for læring, kommunikasjon og sosiale relasjonar.

Utan språk er det vanskeleg å gjere seg forstått. Om ein ikkje klarer å setje ord på ynskje, behov og kjensler, kan ein fort verte misoppfatta og ståande utanfor fellesskap med andre. Difor jobbar vi i vår barnehage systematisk med språkmiljøet, og heile personalet er med.

Rammeplanen seier: «…Barnehagen skal bidra til at barn leikar med språk, symbol og tekst, og stimulere barna til språkleg nysgjerrigheit, medvit og utvikling…. Personalet skal invitere til utforsking av både munnlege språk og skriftspråk…. Barna skal oppleve spenning og glede ved høgtlesing, forteljing, song og samtale» (KD, 2017:48).

I vår barnehage har vi dei siste par-tre åra jobba systematisk med eit utviklingsarbeid knytt leike- og læringsmiljøet, med ekstra fokus på språkstimulering. Som ein del av dette har personalet også fått opplæring i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), der ein knyter kroppsspråk, teikn og bilde til verbalspråket. Vi har jobba mykje med ulike måtar å ha leseaktivitetar på, og vi har også brukt verktøyet «Språkløyper» inn mot  arbeidet. Songar, rim og regler er ein naturleg og viktig del av kvardagen vår. Dei yngste barna er spesielt vare for dei ulike kvalitetane i lyden frå menneskestemma (tonehøgd, lydstyrke, klang, rytme). Dette gjer at grunnlaget for språk og dialekt vert lagd før barnet meistrar verbalspråket (Høigård, 2001:26). Det har vore, og er, eit lærerikt og spennande prosjekt, som har gjeve oss ny kunnskap og større medvit om kor viktig dette arbeidet er, og at det kan gjerast på mange ulike måtar. Og vi tek det sjølvsagt med oss vidare framover, inn i arbeidet med å skape gode, utviklande  og meiningsfulle dagar for små og store.

Kjelder:

Høigård, A. (2001). Barns språkutvikling skriftlig og muntlig. Oslo: Universitetsforlaget

Rammeplan for barnehagen (2017). Oslo: Utdanningsdirektoratet