Leik

Leik har ein sentral plass i barnehagedagen. Den er ein del av barnekulturen og den speglar forhold som vi finn i oppvekstmiljøet og samfunnet generelt. Leiken er spontan, friviljug, indremotivert og styrt av barnet sjølv. I det sosiale samspelet med andre barn, møter barna ulike utfordringar. Her handlar det om å gi og ta, samt å kunne inngå kompromiss og finne felles løysingar. Leik er den aktiviteten barn lærer mest av!

Leik er viktig fordi:
- den tek utgangpunkt i barnet sitt behov
- den gir glede og utfordringar
- den gir fysisk utfalding
- den lærer barna samhandling
- den utviklar barna sin fantasi, språk, tankar og følelsar
- den gir moglegheit for bearbeiding
- den gir trening i konfliktløysing
- den gir moglegheit for utforsking