Praksisbarnehage
Vi har over fleire år god erfaring med å vere praksisbarnehage, og har tett og godt samarbeid med Høgskulen i Volda. Studentane sin praksis skal bidra til deira faglege utvikling mot å bli barnehagelærarar. I tillegg får vi som barnehage moglegheita til å utvikle oss ved å vere oppdatert fagleg og vere gode rollemodellar. Det er også positivt for barna som får fleire dyktige vaksne med seg i leik og andre aktivitetar.
Vi har studentar på alle basane gjennom året. Det blir orientert om på Kidplan kven som kjem og kva base studentane held til på. Studentane heng også opp ein kort presentasjon om seg sjølve i garderobene når dei er her i barnehagen.
I tillegg kan vi også ta imot praksiselevar frå vidaregåande skular og læringssenteret i Volda.
Vi ser på det som ei beriking for både studentar, barn og personalet å vere ein praksisbarnehage!