Blåsenborg

På blåsenborg er det i år 24 flotte born i alderen 4-6 år. Det er mykje å lære av kvarandre, og dette legg vi mykje opp til på Blåsenborg. Alle skal bli sett og høyrt og vi skal vere gode rollemodellar for kvarandre!

Humor og latter står sentralt for den livlige gjengen på Blåsenborg, og kvar dag skal vi ha ein god porsjon av det. Det er viktig for trivsel og tryggleik at vi kan le saman og glede oss over ting i lag, samtidig som vi kan utfordre kvarandre og utvikle den sosiale kompetansen ved å bryne oss på kvarandre.

Dei mange meiningane og dei ulike personlegdomane gir eit mangfald, og samspelet melom born og vaksne skal gjere at vi lærer saman og gir kvarandre meiningsfylte dagar på Blåsenborg.