Nyheter

  • Foreldremøte med kaféstemning, meiningsfulle samtalar og kreative augneblink

    Frå den første kaffidufta breidde seg gjennom huset, var barnehagen fylt med samtalar, smil og latter. Mellom informasjonsmøte på dei ulike basane fekk foreldra høve til å vandre rundt i barnehagen og sjå utstillingar som synte fram barna sine læringsopplevingar og noko av det pedagogiske arbeidet som skjer gjennom året.

    22.09.2026 10.05
  • Solbærsylte og ripsgele-laging august 2026.

    Vi er kome inn i eit nytt barnehageår( 2026 /2027) der både kjente og nye fjes møtast etter sommaren. Tradisjonen tru plukkar barn og vaksne i Rotset barnehage bær frå vår eigen hage når hausten er der. Siste veka er det rips og solbær som har blitt plukka. Då er det som hør og bør at vi kokar solbærsylte, samt lagar ripsgele. Slik blei det :-)

    11.08.2026 16.55
  • "No livnar det i lundar"

    Etter ein lang og kald vinter er det godt å få nyte lysare dagar, og kunne springe ut i berre jakke og sko. Og ute er der nok av små under å studere og undre seg over.

    21.05.2026 17.01
  • DEN KALDE, FINE TIDA.

    Vi har hatt ein god periode med minusgrader no, og det har ført til litt mindre uteaktivitetar for dei yngste enn vanleg. Men det gjev rom for aktivitetar som vi elles ikkje får gjort så ofte på våre kantar.

    05.02.2026 16.29
  • Se flere aktuelle saker i arkivet...

Jobbe hjå oss?

Vi treng alltid flinke vikarar som kan stille opp ved fråvær. Er du engasjert, positiv, omsorgsfull og glad i å arbeide med barn, kan det vere deg vi leitar etter!

Laster..