Dei vaksne i Rotset barnehage ønskjer å legge til rette for at barna skal oppleve ein trygg og lærerik kvardag gjennom leik. Barn og vaksne skal lære gjennom eiga nysgjerrigheit og trongen til å utforske i eit positivt sosialt samspel. Det pedagogiske arbeidet er bygd på dei kristne grunnverdiane, og er formidla både i ”her og no” situasjonar og gjennon tilrettelagde aktivitetar. Vi ynskjer å sjå det einskilde barn og gi barnet kjensla av å vere i eit fellesskap. Vidare ønskjer vi å gi barna opplevingar av meistring, og deira erfaringar skal vere prega av glede og humor.