Glede, omsorg, leik og læring pregar dagane våre på Sagebakken. Vi ynskjer å skape gode møtepunkt, der relasjonar og venskap får vekse og der vi utviklar oss og lærer nye ting. Ut frå dette har vi sett oss to fokusområder.
Fokusområde på Sagebakken:
- Vi ynskjer at kvart enkelt born skal bli sett og høyrt, og respektert for den dei er.
- Vi ynskjer at born og vaksne skal lære saman i ein meiningsfylt kvardag.
"Tommelen opp", og mykje glede, latter og humor er og noko vi likar å krydre kvardagen med på Sagebakken.