Bussen vår

I Rotset Barnehage er vi så heldige at vi har eigen buss. Det gjer det mogleg for oss å dra på lengre turar når og kvar vi måtte ønskje.

Våre målsettingar og tankar for bruk av bussen:

  • Ein buss for alle barn.
  • Bussen kan vere med på å gi oss nye varierte turopplevingar.
  • Skulebesøk og avslutningstur for førskulebarn.
  • Tematurar.
  • Vi kan få sjå kvar alle barna bur.
  • Vi brukar den bevisst - og tenker miljø.