Pedagogisk arbeid

I det pedagogiske arbeidet med barna fokuserer vi på å legge til rette for aktivitetar
og leik etter borna sin alder, og deira modning og føresetnader. Tankegangen kan ein
forklare gjennom å bruke modellen som vist ovanfor, der kvart år skal innehalde noko
kvalitativt nytt.

Ein kan tenkje seg at ein fyller modellen over med
erfaringar. For kvar erfaring ein gjer vil erfaringsnivået stige. På denne måten vil
borna få utfordringar tilpassa sitt modningsnivå, oppleve meistring og lære variert
innanfor dei sju fagområda på ulike måtar kvart år i løpet av barnehagetida. Sjå årsplan del 2 for utfyllande informasjon.