Emosjonell og sosial kompetanse

Arbeid med emosjonell- og sosial kompetanse er noko som har høg prioritet kvart år i barnehagen vår. Vi ynskjer å løfte fram kvar einskild i fellesskapet slik at alle opplever livsmeistring og god psykisk helse. Vi hjelper barna til å forstå, uttrykke og regulere følelsane sine, og vi har eit fokus på trivsel, venskap og respekt for kvarandre. Dette er også ein viktig del i arbeidet mot mobbing og diskriminering.

Vi er opptekne av at barna skal få utvikle sin emosjonelle kompetanse. Vi ønsker å gi dei kunnskap om følelsar, slik at barna klarar å forstå og sette ord på eigne og andre sine følelsar.

Sosial kompetanse handlar om å kunne samhandle positivt med andre i ulike situasjonar og å kunne vise evne til å setje seg inn i andres situasjon og vise medkjensle. Dette er ei evne ein tilegnar seg gjennom varierte erfaringar i samspel med andre menneske.

Vi ynskjer at dette arbeidet skal være ein raud tråd gjennom heile barnehageåret.