Læring

Barnehagen er for dei fleste det første steget i eit livslangt læringsforløp. Vårt mål er at barna skal oppleve kontinuitet og progresjon i deira læringsprosessar her hjå oss. Læringsmiljøet i Rotset barnehage er utforma på bakgrunn av føringar i rammeplanen, vårt syn på barn, den vaksne og viktigheita av det fysiske miljøet vi ferdast i.

Syn på barnet:
Vi arbeider ut frå det syn at barna har ein medfødt evne til å utforske og har ein ibuande kraft til å finne svar og løyse problem. Barn lærer ved å forstå og dei forstår ved å gjere ting sjølve.

Den vaksne:
I barnehagen vår skal den vaksne gi mykje omsorg, legge til rette for og stimulere slik at barna heile tida tileignar seg ny kunnskap. Barna skal møte ein vaksen som har tid og er medforskande, og vi vektlegg at dei vaksne skal vere gode samtalepartnarar med barna. Ved sida av å vere ein støttespelar skal den vaksne til ei kvar tid vise engasjement i kva barnet er interessert i og har behov for.

Det fysiske miljøet:
I barnehagen blir det arbeida kontinuerleg med å skape eit innbydande og lærerikt leikemiljø for barna. Dette fordi vi ønskjer å gi barna spanande og lærerike opplevingar. Møblane er tilpassa barna sin alder og innreiinga elles skal innby til leik og skapande aktivitetar. Roma skal endre seg i takt med det som føregår i barnehagen. Vi legg vekt på at leiker og utstyr som barna treng skal vere tilgjengelege og oversiktleg plassert på dei ulike roma og ute på uteområdet.