Vi rådfører oss alltid om kva som er den beste solkremen for barna. Lurer de på kva solkrem som blir brukt, så er det berre å spørje personalet. Dersom ditt barn har allergi og ikkje kan bruke vanleg solkrem så gi beskjed til barnehagen. Driftsstyret i barnehagen har bestemt at følgjande sats er 100,- pr. barn. Denne summen blir lagt til foreldrebetalinga i juni.
Elles på solrike dagar er det viktig at barna kjem smurde til barnehagen. De vurderer sjølv kor stor del av kroppen etter ver og bekledning den aktuelle dagen. I barnehagen blir barna på dagar med sol smurde ein gong midt på dag og seinare etter behov. Vi er sjølvsagt obs. på bekledning og at barna på solrike dagar også har moglegheit til å leike i skuggen og få eit avbrekk frå sola.