Kristen profil
I vår barnehage har vi eit allsidig miljø som ivaretek heile barnet sitt liv og utvikling. Det moralske og religiøse utviklingsområdet blir vektlagt i det pedagogiske arbeidet. I praksis kjem dette til syne gjennom samtale, undring, kristne songar, bibel- og kristneforteljingar. Vi har elles fokus på den kristne bodskapen i høgtidene og verdiformidling generelt.
Den kristne formålsparagrafen ligg til grunn heile året uavhengig av tema for perioden. Det vil verte slik nokre gongar er det meir synleg aktivitet enn andre, som til dømes ved høgtider. Med andre ord, så inngår formålsparagrafen som ei naturleg del av barnehagen si samla verksemd.