Vi skal bruke august månad til å gjere oss kjende med kvarandre på nytt og å gjere oss kjende med dei som er nye. Så heile august månad er sett av til tilvenning og relasjonsbygging. Rammeplanen seier om oppstart i bhg: "Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjend, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn" (KD 2017:33). Så får vi sjå kvar vi står når månaden er over. Vi informerer meir etter kvart.