Oss foreldre imellom

Hausten 2025 oppretta foreldrerepresentantane i Rotset barnehage ei gruppe i appen Spond. Denne gruppa heiter "Rotset bhg-foreldre" og er kun for foreldre med barn i barnehagen.

Spond er ein app som vert brukt av mange fritidsaktivitetar, den er gratis og framstår meir oversiktleg og inkluderande enn for eksempel Facebook. Inne i Spond-gruppe har vi undergrupper for Blåsenborg, Sagebakken og Prestholmen. Det er enkelt å sende meldingar, dele lenker og invitere til ulike arrangement.
 
Vi ynskjer at alle nye foreldre lastar ned appen og melder seg inn i gruppa. Spør gjerne dersom noko er uklart.
 
Lenka finn du her: https://spond.com/invite/XZBQL
 
Dersom du har barn i barnehagen frå før, legger du til det nye barnehagebarnet under dine opplysninga.