Mat og frukt frå skog og hage.

Hausten er tid for å hauste potet, bær og frukt frå eigen hage, samt vilt frå skogen. Vi i Rotset barnehage nyttar hausten til å lære barna å smake nye smakar, samt at dei får får eit innblikk i matkultur-tradisjon vi har her på vestlandet.

I rammeplan for barnehagen side 49... omtalast det i fagområdet kropp, rørsle, mat og helse at personalet skal; "Legge tilrette for at måltid og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og felles-kjensle hjå barna".

Gjennom å lage mat frå ting vi haustar frå skog og hage vil vi gje barna samtaleemne, fellesopplevingar og samkjensle gjennom å ete sunn og god mat saman.

Tidligare hausta vi potet frå eigen hage her i barnehagen som vi vaksne saman med barna blei einige om at vi skulle nytte i hjortesuppe. Slik blei det, og i går laga vi hjortekjøtsuppe her i barnehagen. I dag har vi vore uti hagen og plukka ei og ei halv kasse med eple, så her held vi oss med frukt til eplekake, frukt etter måltid, samt at vi kan kan lage eplesylte eller presse oss eplejuice..

Hausten er ei fin tid...