Å halde på gode tradisjonar og bringe dei vidare er viktig for oss i Rotset barnehage. Det å bringe glede og varme inn i desember-månaden gjennom å ha ein morgonstund i lavvoen der foreldre og barn et frukosten sin saman skapar samhald, samt er ei litt magisk stund som foreldre og barn delar saman. Det å få servert kaffi , kakao og peparkake, samstundes som ein høyrer på julemusikk og kan sjå inn i bålet som varmar oss på morgonkvisten er ein kulturarv vi bringer vidare, så på gjensyn til neste desember:-)