Solbærsylte og ripsgele-laging haust 2024.

Vi er kome inn i eit nytt barnehageår( 2024 /2025) der både kjente og nye fjes møtast etter sommaren. Tradisjonen tru plukkar barna i Rotset barnehage bær frå vår eigen hage når hausten er der. I dag var det rips og solbær som blei plukka. Då er det som hør og bør at vi kokar solbærsylte og lagar ripsgele. Slik blei det :-)

I rammeplana (UD 2017, side 49) står det at "barnehagen skal leggje tilrette for at alle barn kan oppleve matglede og matkultur."

Det er kjekt at barna kan få plukke solbær og ripsbær og får oppleve at vi lagar solbærsylte og ripsgele. Det er god mat og kulturformidling å kunne gje barna forståing på at vi kan lage sylte og gele som vi igjen kan ete gjennom vinteren. Vi gleder oss til nybakt brød med sylte / gele på.