I Rotset barnehage blir leiken alltid tillagt stor verdi. Det er gjennom leik at barn utforskar verda, utviklar sosiale ferdigheiter og byggjer grunnlaget for læring.
For barn kan nesten kvar ein aktivitet vere ei form for leik. Enten dei byggjer med klossar, teiknar eller deltek i fantasifulle rolleleikar, lærer dei og utviklar viktige ferdigheiter. Leik hjelper barn å forstå omgjevnadene, lære nye konsept og øve på språk og sosiale interaksjonar.
Forsking har vist at barn lærer best når dei er aktivt engasjerte og har det gøy. Så det å ha det gøy saman i leiken, har og ein eiegenverdi. Dette er nokre av grunnane til at vi set av mykje til til leik i Rotset Barnehage.