Kjem snøen attende denne vinteren?

Å gå på ski er ein artig og leikbasert aktivitet for både små og store. I januar opplevde vi at snøen kom og låg på marka i ei veke. Moglegheita til å leite fram skia og gå på ski kvar dag lot ikkje vi i Rotset barnehage gå ifrå oss.

            

Rammeplana for barnehagen sei under fagområdet kropp, røyrsle, mat og helse side 49 at; barnehagen skal bidra til at barna vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar.

Gjennom å kunne stå på ski får ein mykje gratis øving på å meistre kroppsleg kontroll. Vi kastar stavane og går utan for å øve opp balanse, samstundes som vi lærer å gli framover med skia. Utan stavar leikar vi at den vaksne er tjuv, og barna som kjem susande bak er politi. Kjempekjekt!

Det er lett å kunne sjå viktigheita av at vi vaksne er leikande og støttande rollemodellar, så det at vi er tilretteleggarar for skileik som skaper meistring,glede og begeistring er nok ein faktor som hjelper barna på vegen for å oppleve og bevare indre glede av skiaktivitet.

Denne vinteren har gjeve oss meir føling av vår enn vinter, så barna og vi vaksne i Rotset barnehage har håp om at kong vinter gjev oss meir skiglede før vinteren er over.  Vi har trua:-)