Påskevandring i Rotset barnehage

Tradisjonen tru, så har Rotset barnehage som tradisjon rett før påske si eiga påskevandring i barnehagen. Som ein barnehage med utvida kristen formålsparagraf, så fell påskevandringa kvart år inn som eit fast innslag for å kunne gje barna ei forståing av kvifor vi feirar påske.

I rammeplan for barnehagen står det på side 54 under etikk religion og filosofi at; "barnehagen skal la barna få kjennskap til forteljingar, tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn."
Med det som utgangspunkt ville vi gjennom denne påskevandringa ta barna med i historia frå då Jesus reid inn i Jerusalem palmesøndag til han stod opp att den tredje dagen.
Påskevandringa tok barna med på ei reise gjennom heile påskeevangeliet, der dei vaksne dramatiserer og fortel.Hovudfokuset er at barna lærer historia, og at påska er forbundet med glede og håp.

God påske!

              Jesus reid inn i Jerusalem  Skjærtorsdag                   Langfredag                  Fyrste påskedag