SOLA ER ATTENDE

Etter nokre månader der sola har vore borte,så skein ho i dag 21 januar klokka 14:15 endeleg inn gjennom vindauget i barnehagen. Med blå himmel og sola sine varme strålar som kom inn vindauget, så var dette heilt i tråd med temabolken "ein himmel full av stjerner" som vi held på med.

I Rotset barnehage, så held vi for tida på med temabolken; "ein himmel full av stjerner" Det er samlingsstunder knytt opp mot formålsparagrafen vår der vi knyt skapelsen til himmel og jord. Det lagast romskip av papp der leiken er at vi reiser opp til verdensrommet, Det lagast og hengast opp ulike planetar som barna med hjelp av vaksne har laga av pappmasje. Vi syng songen om planetane, samt lærer om verdensrommet. Kva passar ikkje betre enn at sola  i dag 21 janaur dukka opp og varma våre kinn igjen.

Tusen takk sol for at du er attende slik at vi kan få kjenne på varmen du gjev oss.