DEN KALDE, FINE TIDA.

Vi har hatt ein god periode med minusgrader no, og det har ført til litt mindre uteaktivitetar for dei yngste enn vanleg. Men det gjev rom for aktivitetar som vi elles ikkje får gjort så ofte på våre kantar.

                                     

         vatn...                                                      farge...                                ...blande godt

      Så ut i minusgradene eit par døgn                         

   Spennade! Kva har skjedd her?

 Vatnet har vorte hardt og veldig kaldt!

 Her MÅ det smakast og kvalitetssikrast!

 

 

Ein nydeleg prosess saman med toåringane, full av glede, fellesskap, sansing, utforsking, undring og læring. Og nydeleg pynt til uteborda vart det også! Kan det verte betre?