Vårtemaet vårt er "No livnar det i lundar", og om våren er det mangt og mykje som vaknar til liv igjen. På småbarnsbasen har vi mykje fokus på dei små krypa som dukkar opp. Det synest barna er spennande og interessant.
Vi har to steinar på uteområdet som vi løftar på dagleg, for å sjå kva som lever under der. Nokre dagar er det mykje liv der, andre dagar er det rolegare. Vi kan finne både meitemakk, små fluger og biller, edderkoppar, maur og av og til ein skolopender. Rundt oss syng fuglane og blomar og tre spirer og vert grøne og fargerike. Vi har også sådd ruccolasalat inne, som no spirer fint.
Kva finn vi under steinen i dag...?

Ein liten meitemakk!

Her studerer vi ein husedderkopp.

På tur for å plukke kvitveis.
Det er ei nydeleg tid for store og små!