Foreldremøte med kaféstemning, meiningsfulle samtalar og kreative augneblink

Kjære foreldre,

Vi er takksame for alle foreldra som tok seg tid i ein travel kvardag til å møte opp for barnas beste. Dykkar nærvær, støtte og engasjement betyr mykje for oss, og vi set stor pris på det gode samarbeidet vi held fram med å byggje saman.

Årets foreldremøte var ekstra spesielt, då dette var første gong Rotset barnehage inviterte til Foreldrekafé i samband med foreldremøte. Det vart ei fin oppleving!

Kafé med meining

Frå den første kaffidufta breidde seg gjennom huset, var barnehagen fylt med samtalar, smil og latter. Mellom informasjonsmøte på dei ulike basane fekk foreldra høve til å vandre rundt i barnehagen og sjå utstillingar som synte fram barna sine læringsopplevingar og noko av det pedagogiske arbeidet som skjer gjennom året.

Foreldra fekk mellom anna innblikk i:

  • ASK-materiale (Alternativ og Supplerande Kommunikasjon)
  • Temaarbeid
  • Beredskapsaktivitetar
  • Turar og naturopplevingar
  • Formingsaktivitetar
  • Leiker og materiell på dei ulike roma i barnehagen

Utstillingane skapte mange gode samtalar om korleis vi nyttar ulike materiale, miljø og læringsarenaer for å fremje utvikling, kommunikasjon, kreativitet og utforskartrong hos barna. Vi sette stor pris på interessa og den positive dialogen som oppstod gjennom kvelden.

Ein smak av barna sitt arbeid

Kaféen baud på nybaka rundstykke, rykande fersk kaffi og fleire heimelaga godsaker. Det som gjorde serveringa ekstra spesiell, var at barna sjølve hadde vore aktivt med i førebuingane med både baking av rundstykker og eplekake.

Plommene til plommesylte som vart servert, hadde barna vore med på å hauste frå ein hyggeleg nabo i nærmiljøet.

Ripsbærgeleen var laga av bær som barna har plukka frå barnehagen sin eigen hage.

Den smakfulle eplekaka var baka av eple som barna sjølve hadde hausta frå epletrea våre.

Gjennom heile prosessen visste barna at maten dei laga skulle serverast til foreldra under foreldremøtet. Så det var stor stass.

Jakta på den indre kunstnaren

Foreldra fekk også høve til å delta på ulike kreative og interaktive stasjonar rundt om i barnehagen.

Nokre sette seg ned med ein kopp kaffi og skreiv refleksjonar som svar på refleksjonsspørsmåla som låg framme på borda. Andre utforska sine kreative sider gjennom kunstnariske aktivitetar.

Eit av dei mest populære romma denne kvelden var formingsrommet. Her lét fleire foreldre kreativiteten blomstre og skapte sine eigne kunstverk.

Gjennom desse praktiske og skapande aktivitetane fekk foreldra oppleve korleis vi tilrettelegg for læring, kreativitet, utforsking og sjølvutfalding i kvardagen til barna.

Saman for kvart enkelt barn

Kvelden minna oss på kor viktig samarbeidet mellom heim og barnehage er. Når vi møtest, deler erfaringar, utvekslar tankar og byggjer gode relasjonar, skaper vi dei beste føresetnadene for at kvart barn skal trivast, utvikle seg og blomstre.

Vi ser fram til å halde fram dette verdifulle samarbeidet og styrkje fellesskapet med alle familiane våre i tida som kjem.

Tusen takk igjen for eit inspirerande, hyggeleg og vellukka foreldremøte. Saman held vi fram med å skape eit trygt, omsorgsfullt og inkluderande fellesskap for barna våre.

Med venleg helsing
🌷 Personalet ved Rotset barnehage 🌷