Kvifor velge Rotset barnehage?

Leitar du etter barnehageplass, og lurer på om Rotset barnehage kan vere den rette for ditt barn? Er tryggleik, omsorg og leik og utvida kristent føremål viktig for deg og ditt barn? Kva med vår kjøkkenassistent som lagar sunn og næringsrik mat til barna kvar dag? Kva med minibussen vår, som gjer moglegheit for fleire og varierte turmål? Eller kva med heilårsopen barnehage med lang opningstid, slik at det blir meir fleksibelt i høve ferie, levering og henting?

Vi er ein privat barnehage på Bømarka i Volda, som har plass til 50 barn. Våre opningstider er 0715-1645, og vi held til i lyse, triveleg og velholdte lokaler, med eit flott og spannande uteområde. Vi serverer mat to gangar om dagen, og har kjøkkenassistent som passar på at barna får eit variert og sunt kosthald. Vi har både dyktige menn og kvinner i personalet som har jobba saman i mange år, og som gjer alt for at barna skal ha meingsfulle dagar hjå oss.

Les meir i årsplanen vår om du ønskjer å få informasjon om korleis vi jobbar.

Ta gjerne kontakt på telefon eller epost dersom de ønskjer meir informasjon eller vil besøke oss.

Ønskjer de plass i barnehagen vår søker du barnehageplass på Volda kommune sin heimeside: 

Barnehageplass - Volda kommune

Vi ønskjer nye barn og foreldre velkomen til barnehagen vår!