Barns medverknad

”Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tileggast vekt i samsvar med dets alder og modenhet” (barnehagelova §3)

Rotset barnehage er eit ”Barnas hus”. Ei pedagogisk verksemd som har barnet i sentrum. Barnehagen sitt fysiske miljø ber preg av at det er barn som ferdast her. Møblane er små, tilpassa deira storleik og modning. Barna medverkar i sin skapande kvardag. Leiker og hyller med ulikt materiell er plassert i barnehøgde, slik at dei sjølve kan initiere sin leik og aktivitet utan alltid å måtte spørje om hjelp. Innhaldet på dei ulike roma kan endre seg med tanke på kva barna gir uttrykk for og etter kva tema vi arbeider med gjennom året.

Viktig at den vaksne er tydleg og observant i forhold til barna sine uttrykk, og handlar ut frå kva som er barnet og gruppa sitt beste. Dei minste barna på Presteholmen (1-2 år), har ikkje så mykje verbalt språk endå, men dei kan likevel i stor grad gi uttrykk for korleis dei har det/vil ha det. Dei minste barna formidlar hovudsakeleg sine synspunkt gjennom kroppshaldningar, mimikk og andre kjensle- og meiningsuttrykk.