Verdigrunnlag

Rotset barnehage driv i samsvar med verdiar i føremålføresegna som er forankra i menneskerettane. Vi byggjer verksemda vår på verdiar som TRYGGLEIK, POSITIVITET, RESPEKT og FLEKSIBILITET.

Tryggleik:
Vi ivaretek barna, foreldra og personalet sitt beste ved at

vi legg til rette for eit trygt,støttande og varmt omsorgsmiljø,
på ein slik måte at alle kjenner seg godtekne og likt.

Postivitet:
Vi tek alle ting i beste meining, er opptekne
av å skape eit miljø der det er rom for prøving
og feiling og der det er mykje smil, latter, glede og humor.

Respekt: 
Vi godtek at alle er ulike og unike individ, som tenkjer og
handlar på ulike måtar, slik at den enkelte opplever at ein har
noko viktig å bidra med i fellesskapen.

Fleksibilitet:

Vi gjev rom for å tenkje nytt og annleis, og vi vil skape eit miljø
der alle får brukt sine kreative og sterke sider.