Frukost - 8.00-8.45
Borna har med matpakke heimanfrå, og får melk eller vatn å drikke. Ei koseleg stund, der barn og vaksne samtalar og undrar seg over alt frå dagens påleggsval til meir eksistensielle og filosofiske tema medan frukosten finn sin plass i magen.
1. Måltid - 11.00-11.40
Det første måltidet i barnehagen har eit sunt og variert innhald. Vi har heimelaga brød og knekkebrød med eit variert utval av pålegg, havregrynsgraut (måndagar) og ulike varmrettar (i hovudsak tysdagar og fredagar). Ei fullstendig oversikt blir hengt opp kvar veke i garderobene der de finn kva som blir servert dei aktuelle dagane av mat, drikke og pålegg. Det vert også servert frukt/grønsaker.
2. Måltid - 14.00-14.40
Det andre måltidet består i hovudsak av påsmurte brødskiver og/eller knekkebrød med vatn til drikke. Av og til har vi t.d. grove vafler for variasjon og kosen si skyld. Det vert også servert frukt/grønsaker.
Drikke
Til måltida får barna i hovudsak vatn og melk å drikke. Ved spesielle høver, som til dømes nissefest og påskelunsj, har vi saft eller jus på bordet. På ekstra kalde og sure dagar finn vi det godt å varme oss på noko varmt i koppen som til dømes kakao.
Bursdagsmarkering
Vi markerar bursdagen til alle barn. Bursdagsbarnet er midtpunkt og vi lagar ei fin ramme med samling, song og god stemning. Det er også eit høgdepunkt å få ha med noko å "bite i" heimanfrå, av barna ofte omtala som "bursdagsoverrasking". Dette er alt frå fruktfat til is. Barnehagen oppfordrar til ei sunn linje, men det er opp til barnet sjølv i samråd med heimen å finne ut kva ein ønskjer å ta med. Hovudfokuset er at det skal vere noko som sett "prikken over i'en" for bursdagsbarnet sjølv.