Ein barnehage med barna i sentrum

Rotset barnehage er bygd med tanke på å skape og legge til rette for eit spanande og utviklande leikemiljø for barna. Eit miljø som gir glede og tryggleik, læring, vennskap og fysisk aktivitet.

Rotset barnehage er ein privat barnehage og er organisert som eit samvirkeføretak.

Barnehagen ligg på Rotset ovanfor Volda sentrum, skjerma for trafikk og trafikkstøy. Vi er så heldig at vi ligg i eit flott naturområde med kort veg til skog, fjell og vatn. Det er eit rikt nærmiljø ved barnehagen med bondegardar, museum og gangavstand til fjøra, stadion, butikkar, servicebedrifter, bibliotek, skular m.m.

Rotset barnehage er ein avdelingslaus barnehage med 50 barn i alderen 1-6 år. Barna høyrer til ein fast base og vi har 3 basar i barnehagen. Desse er: Blåsenborg, Sagebakken og Presteholmen.