Nyhetsarkiv

  • Morgenstund i lavvoen.

    Rotset barnehage har ein tradisjon med at ein fredag i desember arrangerer vi ei morgonstund i lavvoen, og sånn blei det. I dag fredag 1 desember blei barn og foreldre møtt med ein sti av lys, som synte veg fram til lavvoen der bål, julemusikk og servering av kakao og peparkaker møtte dei.

  • Laksewok-laging i barnehage lavvoen

    Rotset barnehage er samarbeidspartner med Høgskulen i Volda, og er øvingsbarnehage for studentar.
    Denne veka har ein av studentane hatt praksis hjå oss med tema; Barn,Natur og Friluftsliv. Då høyrer det med å lage laksewok med grønsaker og nudler i lavvoen si bålpanne, og slik blei det..

  • Mat og frukt frå skog og hage.

    Hausten er tid for å hauste potet, bær og frukt frå eigen hage, samt vilt frå skogen.
    Vi i Rotset barnehage nyttar hausten til å lære barna å smake nye smakar, samt at dei får får eit innblikk i matkultur-tradisjon vi har her på vestlandet.

  • Velkomen til nytt barnehageår!

    Då er vi igang igjen etter sommarferien! Vi ønskjer små og store velkomne til nytt barnehageår! Så kjekt å sjå kvarandre igjen, og vi gler oss over å få nye venner i barnehagen. Vi ser fram til å skape gode og meiningsfulle dagar her hjå oss.

  • Barn har rett til å ha det bra!

    Barna er det mest verdifulle vi har, og at barna trivast i sin eigen kvardag, er heilt avgjerande for at dei skal utvikle seg og vekse. I Rotset barnehage jobbar vi med å fremje respekt og toleranse for kvarandre. Saman med heimen legg vi til rette for og skape vennskap mellom barna.

  • Søknad om barnehageplass

    Vi ønskjer nye barn og foreldre velkomen til barnehagen vår!