Ein barnehage med barna i sentrum
Rotset barnehage er bygd med tanke på å skape og legge til rette for eit spanande og utviklande leikemiljø for barna. Eit miljø som gir glede og tryggleik, læring, vennskap og fysisk aktivitet.
Etter nokre månader der sola har vore borte,så skein ho i dag 21 januar klokka 14:15 endeleg inn gjennom vindauget i barnehagen. Med blå himmel og sola sine varme strålar som kom inn vindauget, så var dette heilt i tråd med temabolken "ein himmel full av stjerner" som vi held på med.
21.01.2026 19.45Tradisjonen tru, så har Rotset barnehage som tradisjon rett før påske si eiga påskevandring i barnehagen. Som ein barnehage med utvida kristen formålsparagraf, så fell påskevandringa kvart år inn som eit fast innslag for å kunne gje barna ei forståing av kvifor vi feirar påske.
23.04.2025 20.39Utan språk er det vanskeleg å gjere seg forstått. Om ein ikkje klarer å setje ord på ynskje, behov og kjensler, kan ein fort verte misoppfatta og ståande utanfor fellesskap med andre. Difor jobbar vi i vår barnehage systematisk med språkmiljøet, og heile personalet er med.
12.03.2025 13.47Å gå på ski er ein artig og leikbasert aktivitet for både små og store. I januar opplevde vi at snøen kom og låg på marka i ei veke. Moglegheita til å leite fram skia og gå på ski kvar dag lot ikkje vi i Rotset barnehage gå ifrå oss.
25.02.2025 19.44Vi treng alltid flinke vikarar som kan stille opp ved fråvær. Er du engasjert, positiv, omsorgsfull og glad i å arbeide med barn, kan det vere deg vi leitar etter!